Jarle Obrestad

NYTT ALBUM UTE NÅ:

Ude eller inne?

NYTT ALBUM UTE NÅ:

Ude eller inne?

Kor lenge

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Kor mange kveldsgater skal ein vandra ned
før einsemda tek slutt?
Kor lenge går det før ein får fred?
Kvar kveld, det same. Når vil det skje
noko nytt?

Kor mange netter må ein stira i tak?
Kvifor veks her ingen Tornerosehekk?
Om ein kunne sovna i ro og mak
og drøyma som vassringar i seine vak
og koma seg vekk.

Kor mange kveldar skal det framleis gå
utan at du dukkar opp?
Kor lenge trur du eigentleg eg må
halda ut og prøva å ikkje tenkja på
min aldrande kropp?

Eg ser gode filmar og drikk fleire glas vin.
Prøver så godt eg kan.
Men eg saknar noko som liknar kroppen din.
Og det å kjenna den tett inntil min.
Men eg veit jo: det går ikkje an.

Så eg nynnar på verdas tristaste blues,
og seier mot spegelen: «Skål!»
Eg trekkjer ned gardina og steller mitt hus.
Til og med om sommaren høyrer eg haustens sus:
«Gje tål! Gje tål!»

I natt har me lov

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Regnet er mørkt og kaldt.
Kråkene klagar og skræmer deg,
Natta vil famna alt.
Kom og sett deg her, og hald om meg.

Natta er stor og still.
Vindane jagar om huset vårt, så
sei at du gjerne vil
haldast og gløyma alt som er sårt.

Livet er vondt og brutalt iblant,
mangt som skjer får ein lyst å gløyma.
Verda gir mange og harde slag,
men i natt har me lov å drøyma.

Alle får litt av alt.
Ingen går frie frå sorg og sår, og
alle får søtt og salt,
men etter vinterregn kjem ein nye vår.

Me har jo omn og ly.
Kom legg deg, lytt, høyr hjarta mitt, nå:
Natt over land og by.
Eg stryk di nakne hud, ser smilet ditt.

Livet er vondt og brutalt iblant,
mangt som skjer får ein lyst å gløyma.
Verda gir mange og harde slag,
men i natt er det lov å drøyma.

Ein ny dag gryr

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Sjå morgonen stig i skoddegrått lys
Med glimt i dogg og yr
Kor mjukt det kan ver’ og så stilt som det er
når dagen gryr på ny
Sjå ein ny dag kjem
Over ei hei full av lyng
Sjå sola jagar skodda vekk
Og ei lerke syng

Ei gåve til deg kvar gong dette skjer
Sei takk og ta imot
Å gå langs ein sti Å ha gode tid
Og kjenna kvar ei rot
Sjå ein ny dag gryr
Over ei hei full av lyng
Sjå sola jagar skodda vekk
Og ei lerke syng

Det har vore natt Det har vore tungt
Ei bitter lukt av jord
Men angsten forsvant Det er verkeleg sant
Eit lys kom utan ord
Sjå ein ny dag gryr
Over ei hei full av lyng
Sjå sola jagar skodda vekk
Og ei lerke syng

Trailer

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Mi uro er mørk og mektig
Som ein trailer i fart mot nord
Mi uro er mørk og mektig
Ho er ikkje lasta med ord

Ein postkasse står utanfor allfarveg
og ventar på brev frå deg
Å, Gud nå er det lenge si’
Ver nådig, ver mild, mot meg

Mi uro er mørk og mektig
Som ein storm på veg mot land
Mi uro er mørk og mektig
Her ristar mi bleike hand

Eit vindauge lyser aleine i natt
der ein trailer raser mot nord
Postkasselok slår mot ingenting
Kaldt metall – utan ord

Me er to

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Det finst ei tid, for alle ting
Alt går og kjem, Alt går i ring
Vinter og vår, Sommar og haust
Noko står fast Nesten alt er laust

Men det som alltid er
Det som eg vil skal vera her
Det som eg vil skal finnast til:
At me er to
Det veit eg nå at eg vil, At me er to

Skuggar og lys, Natt blir til dag
Alt går i ring, Men me to er i lag
Alt skal bli bra, Natt blir til dag
Takk skal du ha, For at me er i lag

For det som alltid er
Det som eg vil skal vera her
Det som eg vil skal finnast til:
At me er to
Det veit eg nå at me vil
At me er to

For det som alltid er
Det som me vil skal vera her
Det som me vil skal finnast til
At me er to
Det veit eg nå at me vil
At me er to

Rød ved

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Tidleg morgon
tett skodde stig og eg vaknar
Eg går ut
Og eg kan sjå
På ny
Dag vil gry Alt blir klart
Dette skal gå
Det var mørkt Det var tungt
Det er annleis nå

Me hadde tenkt å skilja lag
Men natt blei til dag. Me såg ei bru
Ting kan snu
Me held ihop Dag for dag
Det finst eit band Frå hand til hand
Eg og du

Eld i omnen
Veden er rød og det varmar
Godt å glo
inn i elden
som før
Opna ei dør Sjå det gry
Dette skal gå
Det var mørkt Det var tungt
Det er annleis nå

Me hadde tenkt å skilja lag
Men natt blei til dag. Me såg ei bru
Ting kan snu
Me held ihop Dag for dag
Det finst eit band Frå hand til hand
Eg og du

Einvegsbillett til Gvarv

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Eg skjøna teikninga og streken
Eg såg kor landet låg
Eg tolka skrifta på veggen
Det var langt til Hauge sin våg

Eg oppfatta signala
Eg tok kvar einaste hint
Dei måla Fanden på veggen
Eg gjekk vill i ein labyrint

Eg drygde for lenge med å gå
Gje meg einvegsbillett til Gvarv
Nå har regnbogen blitt grå
Synd er min einaste arv

Eg kunne lesa mimikken
Eg forstod kvart minste vink
Eg las plakaten på trikken
Eg fann kvar missing link

Eg har høyrt di halvkveda vise
Eg fekk med meg kvar vesle ymt
Passfotoet liknar ei krise
Nå reiser eg anonymt

Eg drygde for lenge med å gå
Gje meg einvegsbillett til Gvarv
Nå har regnbogen blitt grå
Synd er min einaste arv

Eg har mista andlet og maske
Eg kjem til Gvarv in cognito
Eg har ei ånd utan flaske
Eg har gløymt det som låg i «vi to».

Eg drygde for lenge med å gå
Gje meg einvegsbillett til Gvarv
Nå har regnbogen blitt grå
Synd er min einaste arv

Kor reiste du hen?

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Regnet det regnar og dropane renn og renn.
Heile dagen.
Og du var min venn.
Stormane stormar, vegane blæs igjen.
Heile hausten.
Og du var min venn.

Og du drog
ut i verda.
Kor reiste du hen?
Du drog og du drog og du drog
men kjem du snart tilbake?
For det regnar.
Det stormar.

Frostvinden isnar, elva frys snart igjen.
Det er vinter. Og du var min venn
Frostvinden isnar, elva frys snart igjen.
Det er vinter.
Og du var min venn.

Og du drog
ut i verda.
Kor reiste du hen?
Du drog og du drog og du drog
men kjem du snart tilbake?
For det regnar.
Det stormar.

Snødrevet driver, elden på peisen brenn.
Heile natta. Og du var min venn.
Snødrevet driver, elden på peisen brenn.
Heile natta. Og du var min venn.

Snødrevet driver, elden i hjarta brenn.
Heile natta. Kor er du min venn?
Snødrevet driver, elden i hjarta brenn.
Heile natta. Kor er du min venn?

Hanna Lie

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Kom ein gong til ein vinterskog og måtte ta ein kvil.
Steig ei underleg dame fram og sa med eit smil:
Du kan få god mat hjå meg, og vin, om du vil.
Og du kan få sova over, før det tetnar heilt til.

Og ho vart mi, Hanna Lie,
Skogens lilje, det var ho.
Jenta mi, Hanna Lie,
gav meg kvile. Gav meg ro. 

Eg fann fred og meining der, og dagar vart til år.
Og Hanna Lie var alltid nær, med sitt lange hår.

Delte både bord og seng. Eg fraus då ho sa,
at nå var den dagen komen då – eg måtte dra. 

Ja ho var mi, Hanna Lie,
Skogens lilje, det var ho.
Jenta mi, Hanna Lie,
gav meg kvile. Gav meg ro.

Så drog eg frå ho Hanna Lie,  i skodd og morgongry.

Eg snudde meg og eg vinka trist, mitt hjarta var av bly.
Same kor eg kjem og går, eg veit all mi tid
at hjarta mitt vil banka for – mi Hanna Lie.

Og ho vart mi, Hanna Lie,
Skogens lilje, det var ho.
Jenta mi, Hanna Lie,
gav meg kvile. Gav meg ro.

Natta er ein svevnlaus veg

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Utanfor ei vegkro står ein Volvo med open dør.
Ut av kroa kjem ein kar. Ein uflidd og mørk sjåfør.
Regnet høljar vilt og rått. Han bannar lågt. Og skuttar seg.
Døra slår han att bak seg. Han startar opp, og dreg.

Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.
Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.

Bak han glitrar lysa rødt i asfalten sitt speil.
Rusar bilen. Han vil vekk. Frå alt han gjorde feil.
Natta rundar sving for sving. Han sluker mil for mil for mil.
Sinnet er ein mur av tvil Og hjarta er – ein bil.

Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.
Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.

Inne i ei vegkro er det stemning og lys musikk.
Snart vil dei ta kvelden, når verten stenger sin butikk.
Svevnlaus driv han bilen fram. Må vidare. Mot ingenting.
Rastlaus som ei natt med regn går vegen hans – i ring.

Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.
Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.

Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.
Han må av stad.
Natta er ein svevnlaus veg.

Eg snakke te vinden

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Den dumme sa te den stumme:
Kor kom du ifrå?
Eg gjekk opp Eg gjekk ner
Eg gjekk heilt i stå.

Eg snakke te vinden
Men ordå forsvinne
Eg snakke te vinden
Vinden høyrer ingenting
Vinden høyrer ingenting

Eg står ute og ser inn,
og kæ ser eg så?
Tummelumske
tutlehove
som tulleruskar kring på tå

Eg snakke te vinden
Men ordå forsvinne
Eg snakke te vinden
Vinden høyrer ingenting
Vinden høyrer ingenting

Ingen eig meg
Eg er seig, eg
Du forstyrre mi ro
Kan ’kje be meg om å te meg
Bare mas meg i to

Eg snakke te vinden
Men ordå forsvinne
Eg snakke te vinden
Vinden høyrer ingenting
Vinden høyrer ingenting

Myrull og måne

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Bakom den mjuke disen
står månen rund og rød
over alt som lever her
og alt som skal dø.

Hausten er fiolett som lyngen
og brun som vidda vid.
Myrulla vinkar i vinden
alt har si tid

Der skogens lauv var grønast
vert lauvkrona gul og rød.
Minner om glødande kjærleik
og alt som skal dø

Hausten er fiolett som lyngen
og brun som vidda vid
Myrulla vinkar i vinden
alt har si tid

Vegane

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Noge i mæg vil vidare.
Og noge i mæg vil bli.
Noge i mæg he dæ travelt.
Noge he nok av tid.

Noge i mæg vil ta beina fatt.
Noge i mæg he dæ æg treng.
Noge i mæg er rastlaust.
Noge treng bord og seng.

Æg kan kjenna eit sug.
Dæ æ framtidå som dræg
Noge søgje ro og fred.
Æg vil bare væra hær mæ dæg.

Noge i mæg he vandrarblod.
Noge bur fast og godt.
Noge vil søgja dæ ukjente.
Noge ser at kvardagen er flott.

Noge i mæg vil vidare.
Og noge i mæg vil bli.
Noge i mæg he dæ travelt.
Noge he nok av tid.

Æg kan kjenna eit sug.
Dæ æ framtidå som dræg
Noge søgje ro og fred.
Æg vil bare væra hær mæ dæg

Noge i mæg vil vidare.
Og noge i mæg vil bli.
Noge i mæg he dæ travelt.
Noge he nok av tid

Ingenting æ støypt i sement

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Æg he en kompis så he det travelt
Han tenkje seg aldri om
Han konkludere før adle andre,og seier
«Dette går fint, bare kom!»

Mange gonger æ æg meir i tvil
og vil gå en runde te Men han seier:
«Dar æ ingen vits i dæ!
Dette blir en stor suksess!»

Æg he, ingen gode argument.
Men eg seie «Bare vent!
Æg æ litt, ambivalent.»
Dæ æ tvisyn, som æ mitt talent.
Ingenting æ støypt i sement!

Æg tykkje dæ æ vanskeleg
å veta, kæ så æ lurt
Men dæ æ helle ikkje gildt
å vera den, så gjære livet surt

Æg vart kjende mæ ei, så va fine
Hu ville me sko flytta i hob
Hu planla alt, før eg hadde sagt ja
og te slutt måtte æg setja i ett rob:
«Æg liga’kje sånne eksperiment.
Dæ blir altfor turbulent.

Æg æ temmeleg ambivalent
Dæ æ tvisyn, som æ mitt talent.
Ingenting æ støypt i sement!

Håret ditt

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Æg sede her å lure på noge æg ikkje finne ud av sjøl.
Æg sede heilt aleina å groble ,øve en kalde øl.
Du forstår nok, kæ dæ dreie sæg om.
Æg sede å lure på, kæffor du ikkje kom.
Me hadde ett bra opplegg, me passte så godt i hob.
Adle stundene me va i samen, va akkurat så snob.

Kor vart du av,
Æg savne luktå av håre ditt.
Kor vart dæ av dæg?
Så kjedelege kveldane he blitt.

For en dag i vinter, snudde vinden så brått.
Æg såg dæ på dæg, du hadde fått en nye lått.
Då du pakte kofferten,og reiste te USA,
Va dæ bare beviset på at alt, ikkje va så bra.

Kor vart du av,
Æg savne luktå av håre ditt?
Kor vart dæ av dæg?
Så kjedelege kveldane he blitt.

Men så begynte brev å koma, du ville heim te mæg.
Æg vart så glade, æg hadde lengta itte dæg.
Me avtalte plassen og tidå tidå, og æg møtte opp der og då
Æg venta og æg venta. Ja, eg vente te og mæ nå.

Kor vart du av,
Æg savne luktå av håre ditt?
Kor vart dæ av dæg?
Så kjedelege kveldane he blitt.

Tebage te dæg

Tekst: Helge Torvund og Jarle Obrestad / Melodi: Jarle Obrestad

Av og te æ dæ som om sløret forsvinne
som om skuggen gir svar og glir vekk
Æg ser dæ som gløder i alt
som en lengsel i mæg.
Æg ser at veien eg går
føre mæg tebage te dæg.

Det er då eg veit kæ som æ bra
og kæ dæ æ æg helst vil ha,
Æg ser kæ æg he kjempa imot
kæ æg sleppe i frå,
Æg ser klart kor æg skal gå.
Æg ser at min vei føre mæg tebage til dæg.

Æg var forvirra. Alt var eit rot.
Æg snubla fram i hytt og vêr.
Synet mitt var blitt mørkt og blindt.
splitta av en splint
Så letta dette sløret og æg ser
kor æg æ på vei, æg vil tebage te dæg

Tebage te dæg, tebage te dæg
dæ æ dæ æg vil
æg vil tebage te dæg

Gjønå storbyar og øve hav
drog æg for å finna fram.
Då skuggen viska vekk veien
forsvant mi vaklande tru
Æg innsåg at æg måtte snu
Æg fant min vei- tebage til dæg.

Tebage te dæg, tebage te dæg
dæ æ dæ æg vil
æg vil tebage te dæg

Ude eller inne?

Tekst: Helge Torvund & Jarle Obrestad / Melodi: Jarle Obrestad

Dæ æ merkele å sjå, at folk he begynt å tru
at alt æ svart og kvitt.
Dæ der er rett og dæ der æ galt.
Alt dæ galna æ dritt,
Og det retta æ godt, og dæ æ mitt.

Enten æ du ude elle du æ inne.
Adle nyansane forsvinne.
Seie du noge som me ikkje lige
ut mæ dæg. Du blir aldri rige

Dæ æ nå så gjelde, Dæ gamla va stort sett bara tull og tøys.
Me he heila vede nå
Dæ di trudde på før
kan me hiva på ei røys.
Om du tenke sånn, gå te køys

Enten æ du ude elle du æ inne.
Adle nyansane forsvinne.
Seie du noge som me ikkje lige
ut mæ dæg. Du blir aldri rige

Dæ æ`kje godt å veda ,kæ sanningå æ
æg søge svar i aust og vest
Alt æ jo sant , Dæ æ heilt umuligt
å finna ud kæ som æ best
Hvis æg trur på dæg, får æg vær`me på fest

Enten æ du ude elle du æ inne.
Adle nyansane forsvinne.
Seie du noge som me ikkje lige
ut mæ dæg. Du blir aldri rige
hvis du tenke sånn, æg seie
Enten æ du ude elle du æ inne.
Adle nyansane forsvinne.
Seie du noge som me ikkje lige
ut mæ dæg. Du blir aldri rige

Dæ går seg te

Tekst & melodi: Jarle Obrestad

Æg kjæme i frå Jæren, æg æ en arbeidskar, født og oppvokst på ein gard
æg kan kjøra traktor, æg kan molka ku, det e`kje te å tru
Dæ æ så mange ting æg kunne tenka mæg å gjær, æg lar tidå strekka te
Læra alt om litt og litt om andre ting dæ æ`kje gale dæ

På veien mens æg går og går, æg tenke trått et år, æg græve og æg sår
å frønå spire, vekse, både stort og smått Hardingfelespel

Æg he dæ med dæ, at æg ska finna opp ting som ingen andre før har gjordt
grobla og tenka, te dæ lage seg te og tidå den går fort
Idèane kjæme itte kvart skal du sjå, dæ æ jabnå så dræge då
Di seie du må smi mens jedne æ varmt, dæ æ dæ æg gjære nå

På veien mens æg går og går, æg tenke trått et år, æg græve og æg sår
å frønå spire, vekse, både stort og smått Hardingfelespel -solo

Her om dagen kjende æg dæ gjekk i stå og skoddå den låg tett
Æg gjekk meg en tur, ud i stein og ur, bak meg ljoma tåkelur
Æg tenkte med meg sjøl, der æg snubbla i ei fjøl, kor bære dette hen
og svaret på dæ, kan du tenka deg sjøl, æg gjekk heim igjen

På veien mens æg går og går, æg tenke trått et år, æg græve og æg sår
å frønå spire, vekse, både stort og smått

Slentrefanten

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Æg lunte gjønå gatene, Loffe inn i ein butikk
Æg tusle rundt på innsida, og tæge meg ein kikk
Æg slentre øve bruene Går og slenge i en park
Æg liste meg forbi fruene og en som vifte mæ et ark

Æg æ kongen av å Rusla Rundt
Æg æ en Slentrefant
Æg lige best å daffa som
en mjuge trafikant, Hær finn` æg mine tona
som æg nynne på konstant

Æg snofla i ein svarte katt og må kvila på ein stein
Æg stavra meg snart opp igjen Ingen såg vel at æg grein?
Æg labbe bort te kiosken æg kjøbe litt marsipan
Så tomla æg inn på kinoen og ser på Peter Pan

Æg æ kongen av å Rusla Rundt
Æg æ en Slentrefant
Æg lige best å daffa som
en mjuge trafikant, Hær finn` æg mine tona
som æg nynne på konstant

Æg traske gjønå livet Og slide mine sko
Stabbe mæg framøve Æg finne ikkje ro
Æg kan ‘kje sidja inne Slig de gjære adle mann
Kikka på tull og vas og alle slags program

Æg æ kongen av å Rusla Rundt
Æg æ en Slentrefant
Æg lige best å daffa som
en mjuge trafikant, Hær finn` æg mine tona
som æg nynne på konstant
For Æg æ kongen av å Rusla Rundt
Æg æ en Slentrefant
Æg lige best å daffa som
en mjuge trafikant, Hær finn` æg mine tona
som æg nynne på konstant

Når nettene kvitnar

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Når dine planlagte reise
vert avfall og rotnande frukt
Ditt vindu frys te
og rommet vert stramt av di lukt
Det larme frå klokkå
og stillå i sengå er klar
Det larme frå klokkå
og stillå i sengå er klar

Då kjæm æg i dørå
og gir dæg et hjelpelaust svar
Vår angst og vår nærhet
æ alt det æg vett at me har
Vår angst og vår nærhet
æ alt det æg vett at me har

Når di innarste lengting
slår ud i et meiningslaust hat
Når du prøve å snakka
men alt det du høyre vert prat
Når nettene kvitna
og suset frå inkje tar te
Når nettene kvitna
og suset frå inkje tar te

Då kjem æg i dørå
og gjer dæ me vett så ska te
Eg gir dæg min nærhet
så angsten i auga gir fred

Eg gir dæg min nærhet
så angsten i auga gir fred

Eg gir dæg min nærhet
så angsten i auga gir fred

Eg gir dæg min nærhet
så angsten i auga gir fred

Kæ helde du på mæ?

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Av og te så lure æg på
kæ dæ æ så skjer.
Noge æ heilt skjult for mæg.
Dar æ noge æg ikkje ser.
Du går inn på badet.
Men du kjæme aldri ud igjen.
Kæ æ dæ du helde på mæ?
Eg fatter dæ ikkje, min venn.
Æg he spurt nordavinden
Og æg he te og mæ spurt Gud:
Sei meg dokke så veid alt,
Kæffor kjæme hu aldri ud?

Men så kjæme du –
Ja, så kjæme du, alligavel.
Og du æ så fjonge.
Du æ så utruligt fine i kveld.
Du må bare gløyma alt eg sa.
Du æ det einaste æg vil ha.

Men av og te så lure æg på
kæ så går føre sæg.
Koss kan visse ting ta så lange tid?
Dæ fatte ikkje æg.
Du går inn i en butikk.
Men du kjæme jo aldri, aldri ud.
Eg venter udføre. Og tankane blir mørke
som kaffigrud.
He du stokke ud bakveien?
Sede du på pub mæ en unge smed?
Ska æg stå hær i all æva
å vær te spott og spe?

Men så kjæme du –
Ja, så kjæme du, alligavel.
Og du æ så fjonge.
Du æ så utruligt fine i kveld.
Du må bare gløyma alt eg sa.
Du æ det einaste æg vil ha.

Blå vise

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Så mange blå, timar.
Så mykje vemod og blues.
Alt er blanda med blått
over mitt vesle hus.

Nå går eg snart, og legg meg.
Eg vil sova i mørkrets famn.
Eg vil drøyma, vakre draumar
og kviskra, stilt ,ditt namn.

Når natta vel er over,
og morgonen, kjem på ny,
står eg klar, ved glaset
og jublar mot det, glade gry.

Det skiftar, frå dag, til natt,
og det snur, frå natt, til dag.
Me får halda ut, dette mørkret
så me kan møta, lyset, i lag.

Når natta vel er over,
og morgonen kjem på ny,
står eg klar, ved glaset
og jublar mot det, glade gry

Dæ æ'kje lett

Tekst: Helge Torvund / Melodi: Jarle Obrestad

Dæ æ`kje lett å finna veien.
Dæ æ`kje lett å få ting te.
Dæ æ`kje lett å finna veien.
Dæ æ`kje lett å finna fred.

Så mange humpar og grinder.
Så mange portar og le.
Så mange humpar og grinder.

Dæ æ`kje lett å få ting te.
Når du trur båten går rette veien
aner du at du tar feil.
Når vinden blæse rette veien,
ser du at du mangler seil.

Dæ æ`kje lett å finna veien.                              
Dæ æ`kje lett å få ting te.
Dæ æ`kje lett å finna veien.
Dæ æ`kje lett å finna fred.

Så møje skjule seg i sjøen.
Så mange straumar og skjer.
Så møje skjuler seg i sjøen.
Det æ`kje lett å vera her.

Men husk at det mesta går øve.
Du har jo kome deg fram til nå.
Dæ kjæme seg litt mens du søve.

Me får ha truå på at dæ skal gå.
Men dæ æ`kje lett å finna veien.

Dæ æ`kje lett å få ting te.
Dæ æ`kje lett å finna veien.
Dæ æ`kje lett å finna fred.
Dæ æ`kje lett å finna veien.                              
Dæ æ`kje lett å få ting te.
Dæ æ`kje lett å finna veien.
Dæ æ`kje lett å finna fred.